Kunsthistorie i 10. klasse
Her kommer det flere bilder og tekst i neste månedspost.
NORSK SPRÅK- OG LITTERATURHISTORIE PÅ 10.TRINN
Med 29 små bokstavar kan ein uttrykkje alt: tankar, kjensler, fakta, kunnskap og nonsens. Og det ein ikkje klarer å uttrykkje sjølv kan diktet ta seg av, ifølgje Johan Sebastian Welhaven:
Digtets Aand
Hvad ei med Ord kan nævnes
i det rigeste Sprog,
det Uudsigelige,
skal Digtet røbe dog.
På 10. trinn har elevane to periodar med norsk hovudfag, og dei tar føre seg utviklinga av det norske språket og den norske litteraturhistoria. Det handlar om den tette veven av politiske høve, nye oppdagingar, religion og kultur som kjem til uttrykk i språket og kunsten. Det dukkar opp nye litterære sjangrar, nye ord, nye omgrep og nye måtar å sjå menneska og verda på opp gjennom heile historia. Og det tar ikkje slutt no, vi er sjølv midt i straumen av alt som skjer. Det handlar mellom anna om identitet. Om å finne Noregs eigenart og sjølve folkesjela i nasjonalromantikken på 1800-tallet, og å finne sin eigen identitet gjennom tale og skrift, her og no, i 2018.
Elevane har reflektert over språket som maktfaktor. Korleis bruker autoritetane språket, og korleis snakkar vi til kvarandre? Korleis uttrykte folk kjenslene sine i brev for to, tre-hundre år sidan? Og kva skjer med språket når verda blir meir og meir global? Vil dialektrikdomen som Ivar Aasen bygde landsmålet sitt på vare ved, vil skarre-r ta over alt talemålet i Noreg, blir det greitt å si schøkken og schjole etter kvart, og vil beiken og sørvis bli godkjent stavemåte for bacon og service?
Ikkje godt å seie! Men sikkert er det at vi, både som enkeltindivid og samfunn, er nær knytt til språket vårt. Og at språket og litteraturen heng nøye saman med det som elles rører seg i tida. Dette har 10. klasse arbeidd med. No veit dei at norsk språk høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien, og at styresmaktene lenge nekta samane å snakke sitt språk, som er heilt annleis, men like fullt språk som høyrer heime i landet vårt. Språk og kultur kan ein ikkje skilje imellom, dei høyrer saman. Både før og no.
Språket
Mor joiker ikke, men hun lærer seg språket
Min mors mor joiker ikke, men hun snakker språket
Min far joiker ikke, han snakker norsk
Min fars far joiker ikke, han synger salmer
Jeg joiker, men forstår ikke språket
Min datter joiker og snakker alle språk
Av Hege Siri